Vossarussen 1971 jubilerer igjen:
FØRTIFEM I HUNDRE!

SET AV HELGA FREDAG 21. TIL SUNDAG 23. OKTOBER! Då treffest 1971-artiumskullet vårt nok ein gong på Voss for å jubilera: Det er 45 år sidan vi gjekk ut av Voss Gymnas. – Margret og Lars med hjelp av Kiss og mange fleire har hivd seg rundt, og vi driv og legg planar for 1971-kullet si feiring. Vi driv og utarbeider eit 1971-kullprogram, vi jobbar med overnattingsdeal på hotell, og vi planlegg lunsj og festmiddag laurdag og frukost sundag for kullet vårt. Vi vil kunngjera vårt detaljerte 1971-program på denne websiten like over sommaren. Deltakarpris og innbetaling skal vi melda om så snart vi kan (eit rimeleg nivå for oss over 60). Følg med på denne websiten framover og hald deg oppdatert. – Vi har e-postadresser til dei fleste, men NB: hjelp oss med kringkastinga av jubileet vårt! Skriv difor til kullvennene dine og del website-linken med dei, slik at vi kan sikra oss at absolutt alle blir kontakta. Skriv til oss hvis de har spørsmål eller innspel. – Det spesielle denne gongen er at Voss Gymnas (Voss off. Landsgymnas) i dagane 17.-23. okt. feirar 100-årsjubileet for skipinga i 1916 – med ei rekkje tilskipingar. Vi har funne at 1971-kullet vårt naturleg kan kopla seg til denne feiringa. På "våre dagar" fredag, laurdag og sundag tek vi del i det vi har hug til i Voss Gymnas sitt 100-årsjubileumsprogram. Det er difor vi seier "45 i 100". Ver velkommen!

Voss Gymnas sitt 100-årsjubileum: Det er ikkje vi som arrangerer 100-årsjubileet til Voss Gymnas. Så langt som dette jubileet er blitt kunngjort, imidlertid, ligg det an til å innehalda ei rekkje tilskipingar som mange av oss i 1971-kullet heilt sikkert ønskjer å ta del i på "våre dagar" (fredag til sundag). På denne websiten vil vi leggja ut linkar til det detaljerte Voss Gymnas-programmet så snart det blir offentleggjort. Vi tenkjer oss då at kvar og ein av oss etter ønske personleg ordnar med billettar til tilskipingane under Voss Gymnas sitt 100-årsjubileum. Vi legg her ut nærmare linkar til desse når dei kjem. – I avisa Hordaland sitt store oppslag om jubileet så langt (sjå link), er det pr 14/6 dei følgjande innslaga som ligg føre (lokala vil vera Voss Gymnas, Kulturhuset, og Gamlekinoen. I tillegg til spesielt inviterte gjesteutøvarar står mange tidlegare elevar for programmet på 100-årsjubileet til Voss Gymnas):

VOSSARUSSEN 1971
SITT 45-ÅRS-JUBILEUM:

Vi ser for oss at 1971-jubilantane kjem til / er på Voss i løpet av fredag kveld 21. okt. – På denne websiten har vi lagt ut opplysningar om hotellovernatting Fleischer's. – Vi har vove vårt 45-årsprogram saman med programpostar i Voss Gymnas sitt 100-årsjubileum (mange av oss har billettar til desse). Til Voss Gymnas (VG) sine arrangement må du sjølv kjøpa billettar på TicketCo (sjå spalta til høgre).

P R O G R A M :
Kjære alle 45-årsjubilantar!
Programmet for jubiléet vårt vert som følgjer:

––> FREDAG 21. okt. f.o.m. kl. 19.30:
Treff på «Tre brør» (Haalandshuset) på Torget på Voss. Dei som har billettar til Jazzkveld i Gamle Voss Kino, vandrar lett og ledig bort der til kl. 21.00.
–-> FREDAG 21. okt. kl 21.00 (dørene opnar 20.00):
100-årsjazzen (VG)
– Jazzklubb i Gamle Voss Kino.
–-> LAURDAG 22. okt. kl 15.00:
45-årsfestmiddag på Fleischer's Hotel. Sjå MENY og BETALINGSMÅTE seinast innan 15. okt. øvst i høgre spalte.
Dei som har billettar til 100-årsfesten (VG) i Gamle Voss Kino, går så dit til kl. 18.30 (dørene opnar 17.30). Vi satsar på at mange vil halda fram på dansen på Fleischer's etterpå.
–-> LAURDAG 22. okt. kl 18.30 (dørene opnar 17.30):
100-årsfesten (VG)
– Festframsyning i Gamle Voss Kino.
–-> LAURDAG 22. okt. kl 21.00:
100-årsdans og mingling (VG) i Top Spot på Fleischer's Hotel
. Musikk ved Shades of Blues.
–-> SUNDAG 23. okt. ca. kl 09.00:
45-årsfellesfrukost på Fleischer's Hotel
både for dei 45-arar som har rom der og alle andre.
––> SUNDAG 23. okt. kl 11.00:
100-årsgudsteneste (VG) – Jubiléumsmesse i Vangskyrkja
. Musikkinnslag. Dir.: Rudolf Zwartjes. Organist og musikalsk ansvarleg: Kolbein Haga.
–-> SUNDAG 23. okt. kl 15.00:
100-årskonsert (VG) i Kultursalen i Voss Kulturhus ved Fossegrimen og Shades of Blues
. Bill. kr 225,–.

Som de ser, så er det ikkje så tett 1971-program denne gongen som før. Dette avdi vi har rekna inn Voss Gymnas sitt jubileumsprogram. Vi håpar likevel at vi skal få tid innimellom til å vera i lag. Vi har tinga ein salong for oss sjølve under dansen på Fleischer's, som vi kan ha som "base". NB! Siste frist for påmelding til fellesmiddag: onsdag 05. okt. (Det vert deretter forhandla fram couvertpris med hotellet utifrå talet påmelde.) – Vi ber alle 1971-arar òg om å senda oss forslag og idéar til vårt 45-i-100-program.
– [Biletet i dette avsnittet er av jubilantane på 2011-samlinga vår. – Jubilantbileta ved sida av "Vossarussen 1971"-logoen på toppen av websida, er frå hhv. 1991-, 1996-, og 2001-samlingane våre.]

I mellomtida – gled dykk, og sjå tilbake på våre felles tidlegare (og fargerike) historiske websider, der det framleis finst tilgjengeleg mykje både samla og klassevis informasjon, russerevyinnslag, russeavisstoff, mange bilete, både offentlege og meir private, og ein god del pressestoff:

Vi er opne for tilleggsforslag

Hjelp oss framfor alt med å senda oss nye, oppdaterte e-postadresser og telefonnummer som de veit om, og ver vennlege og kom med innspel som de har lyst skal bli planlagde, framførde, og kanaliserte til 45-årsjubileums-festen vår – og til minneboka vår til neste gong!


Siste Nytt – 24/10

Les nedanfrå og opp, og ovanfrå og ned!
Sjekk stadig innom for nye oppdateringar.

Vår seinast oppdaterte:
E-POSTLISTE (21/10-2016)

––> HJARTELEG TAKK
for alle dei varme stundene og det gode samværet vi hadde i jubileumshelga vår!












Margret og Lars vil halda denne websiten gåande og oppdatert i vekene, månadene og åra(!) som kjem framover. Difor: Sjekk stadig innom her, og følg med på denne staden i framhaldet. (Vi byggjer websiten om og ut etter kvart, men www-adressa vil forbli den samme.)
Vi har saman med alle jubilerande denne gongen alt merka oss viktige inn-satsområde; bl.a.:
––> Ytterlegare oppdatering av e-postlista vår (ver gilde og hjelp oss med dette, alle saman: send oss nye opplysningar om venner og kjende sine kontaktpunkt!);
––> Ver gilde, send oss òg bilete frå 45-årssamlinga vår no, som vi kan leggja ut på denne websiten til deling med alle;
––> Kjell Erik og Lars (saman med det vi kan finna i samarbeid med dei etterlatne etter vår kjære Ole Fretheim sitt arkiv etter hans bortgang i fjor) arbei-der så fort vi kan med å ferdigstilla digitalt alt vi har frå "Ekta Godt"-russerevyen vår H-1970 og alt anna frå russefeiringa vår frå hausten 1970 av og til slutten av mai 1971: dette vil vi dela med alle på dvd'ar eller anna høveleg materiale, så fort vi kan;
og mangt anna.

––>PÅMELDE 21/10,

med avhooking som Bet i raud skrift ved dei som har Bet(alt) inn dei 600 pr pers. for 45-ar-Festmiddagen vår. Følg opp, alle!

––> MENY under 45-årsj. sin Festmiddag, Fleischer's, 22/10 kl 15.00. Det blir fire-rettars Festmeny:

RÅMARINERT LAKS
med mangosalat
*****
SKALDYRSUPPE
*****
INDREFILET AV HJORT med
rotgrønsaker og viltsaus
*****
BAILEY'S PARFAIT
med bærsalat

––> INNBETALING FOR FESTMIDDAGEN:
Ver vennleg, betal snarast og seinast innan 15. okt. inn kr 600,- pr person for Festmiddagen til Margret og Lars sin konto for formålet:
––> 3480.55.22153.
NB: Merk kvar inn-betaling med melding til mottakaren, der det står tydeleg navn på den som betaler og på den/dei det blir inn-betalt for.


Prisar på drikkevarer under Festmiddagen: Øl frå kr 80,- pr glas // Vin frå kr 95,- pr glas // Flaske vin frå kr 450,- pr flaske. –– Drikke til Fest-middagen kjøper den einskilde sjølv ved bordet, eller saman med bordvenen/e sin/e.

Link til Jubiléumsmessa i Vangskyrkja, sundag 23/10 kl 11.00, oversendt frå Kolbein Haga.

––> NB – HASTAR, DETTE ER VIKTIG:
21/9: SISTE NYTT OM VOSS GYMNAS SITT 100-ÅRSJUBILEUM, OG OM BILLETTSALET TIL VG SINE TILSKI-PINGAR PÅ TicketCo:

straks inn på den her oppgitte linken til Voss Gymnas si lysing i "Horda-land" den 20/9, der VG sitt fullstendige 100-årspro-gram er blitt kunngjort. Orientér deg der om korleis du kjøper billettar til VG sine tilskipingar (via TicketCo), og kjøp dei VG-billettane du ønskjer, straks. Besøk òg Facebook-sida til Voss Gymnas sitt 100-årsjubi-leum.
– Ver merksame på at vi i vårt 45-årsjubileum (Fest-middagen laurdag, og anna), legg opp til å kopla oss på VG sine for oss høvelege arrangement fredagen og laurdagen:
DEI FLESTE AV OSS 45-ARAR VIL GJERNE GÅ PÅ
– (1) Fredag 21.00: VG sin 100-års-Jazzklubb i Foajéen i Gamlekinoen kl 21.00 ("vår" gode, gamle Voss Kino). (I timane før dét på fredag, legg vi 45-arar inn ei førehandssamling berre for oss kl 16.30, på serverings-staden Tre Brør/i Haalands-kulturhuset (Asle sin barn-domsheim!), før vi felles går på VG sitt 100-årsJazz-klubb-arrangement kl 21.00 (med Tore Brunborg (saxo-fonar), Bjørnar Kaldefoss Tveite (bass), og Ivar Kolve (vibrafon/marimba));
– (2) Laurdag kl 18.30: VG sin 100-årsfest i Gamlekino-en kl 18.30 (dørene opnar 17.30). (Vi 45-arar legg difor Festmiddagen vår – utan felles lunsj den dagen – til sein ettermiddag på Flei-scher's, kl 15.00 og utover.); og
– (3) Laurdag kl 21.00: VG sin 100-årsdans i Top Spot på Fleischer's, med Shades of Blues.
Ver merksame på at de ved billettkjøpa hos TicketCo oppnår rabatt (redusert pris kr 600,00 pluss gebyr) ved å kjøpa laurdagens 100-års-fest- og 100-årsdans-billet-tar saman i pakke.
TIL DYKK SOM ENNÅ IKKJE HAR MELDT DYKK PÅ TIL 45-ÅRSJUBILEET VÅRT: Gjer dette snarast ved e-post til Margret og Lars, slik det er beskrive på denne web-siten!! Raska på!

––> Tilgjengeleg no:

Facebook-link til program-met ved og andre opplys-ningar om Voss Gymnas sitt 100-årsjubileum, og link til Voss Gymnas si programside for 100-årsjubileet, med orientering om korleis ein kjøper billettar til VG sine arrangement via Internett hos TicketCo.

––> HASTAR:

Hotellrom-tinging (Fleischer's); Påmelding til oss for Festmiddag (e-post). – Klikk på knappen 'HotellHastar!' ovanfor.

Meir om 1971-kullet sitt eige 45-årsjubile-umsprogram (pr 21/10)

Festmiddagen vår på laurdag blir i eige lokale på Fleischer's Hotel (pris ca 625,-). Vi må leggja Festmiddagen vår til kl 15.00, altså før Voss Gymnas sine laurdagsarrangement (100-årsfesten i Gamlekinoen kl 18.30, og 100-årsdansen med Shades of Blues i Top Spot på Fleischer's kl 21.00); desse to Voss Gymnas-arrangementa sluttar vi oss til etter Festmiddagen vår. – Andre 1971-programpostar melder vi om etter kvart.

Meir om Voss Gymnas sitt 100-årsjubileums-program (pr 21/10)

Voss Gymnas ved rektor har fortalt oss
–>at Voss Gymnas har lagt 100-jubileet si Dansetilstelling til Top Spot på Fleischer's laur-dagskvelden (bl.a. difor har vi lagt 1971-Festmiddagen til vårt eige lokale på Fleischer's, og fått ordna blokk-avtale med Fleischer's for hotellrom, som du sjølv må bestilla ved henv. til hotellet (hastar!));
–>at VG-programmet og billett-salet for VG-jubileet vil bli offentleggjort i pressa:
–> dét har skjedd (den 21/9), jfr. link til VG si utlysing ovanfor i denne høgrespalta. Følg med. Tinga og kjøp dine VG-billettar over nett hos TicketCo no!

Om hotellovernatting,
påmelding til 1971-festmiddag/1971-jubileet (pr 15/8–HASTAR! – Gjeld framleis pr fram til 21/9)

Klikk på 'HotellHastar!'-knappen øvst på websida. Der finn du framgangsmåten for
–>Hotellrombestilling Fleischer's innanfor den blokk-kvoten vi har oppnådd;
->Påmelding til 1971-Festmid-dagen vår på Fleischer's/påmel-ding til 1971-jubileet.

E-postliste med tel.nr. for 1971-kullet pr 21. okt. 2016

Hjelp til med å senda over til oss rettingar her, for å kunna halda lista oppdatert. E-postliste (pr 24/10).